
|

|

|
|
- Korleis bli med?
|
Om du finn ideen/konseptet interessant, håpar eg sjølvsagt at fleste mogeleg reiselivsaktørar vil knyta seg til Reisemål Folgefonn.
|
Målet er snarast råd å verta eit viktig marknadsnettverk for reiselivsaktørar med tilknyting til Hardangerfjorden og nærleik til Sunnhordland- og Hardangerområdet.
Etablering av ei - ein sides - internett-presentasjon på norsk, engelsk og tysk på på Reisemål Folgefonn-portalen er HEILT GRATIS!
Ved påmelding/bestilling av plass på portalen, vil du få tildelt eige brukarnamn og passord, slik at du når du vil kan gå inn og oppdatera/oppgradera presentasjonen din. Om du føler at du ikkje beherskar dette sjølv, er vi behjelpelege med å leggja ut og redigera presentasjonen din!
PS. Reisemål Folgefonn vil elles syta for å kvalitetssikra all informasjon som blir lagt ut på nettstaden.
Betaling for å liggja ute på portalen til Reisemål Folgefonn skjer etter prinsippet, BETAL PER KLIKK. Besøket eller trafikken om du vil, blir registrert med ein eigen klikkteljar, som tel og registrerar besøka dine med full statistisk oversikt. Dermed vil du som aktør kun betala for konkrete besøk eller antal klikk portalen fører til sida di. For dette blir du belasta med kr. 2,50.- per klikk, som blir fakturert etterskotsvis og samla etter kvar sesong. Prisen inkluderer oppgradering/vedlikehaldskostnader (inklusiv meirverdiavgift), for å liggja ute på portalen. OG, for at ingen skal verta overraska av skyhøge klikkrekningar, har vi sett ein maksimum pris på kr. 2 500.- (inklusiv meirverdiavgift) for å liggja ute eitt år på portalen. Dvs. vi garanterar at prisen - uavhengig av antal klikk - aldri overstig denne prisen. Samanliknar du prisen med ei normal lokalavis-annonse, vil du finna prisen svært rimeleg. På Reisemål Folgefonn-portalen vil du i tillegg liggja ute og vera synleg kvar dag, heile året! Og VI garanterer at det ikkje vil koma andre kostnader til, før vi eventuelt lager "oss" presentasjonsbrosjyre. Ut frå innhaldet i internett-presentasjonen kan ein enkelt - om vi ynskjer det - laga ein PDF-presentasjon i A-4 format. A-4 sida vil maksimalt verta delt av 4 aktørar, og vil kunna køyrast ut frå det ferdige PDF-oppsettet i topp printing/ fotokvalitet til ein pris av ca. kr. 7 200.- (eksklusiv meirverdiavgift) for 500-1 000 presentasjons-brosjyrar.
Reisemål Folgefonn tilbyr med andre ord internett-presentasjon og brosjyreløysing til ein svært rimeleg inngangsbillett.
Å bruka pdf-oppsettet som trykkgrunnlag, har elles fleire fordelar:
1. Ein kan printa ut/trykkja brosjyrar etter kvart som behovet melder seg.
2. Ein har høve til - på kort varsel - å gjera korrigeringar, slik at ein til ei kvar tid kan presentera/senda ut oppdaterte brosjyrar.
3. Ein slepp dyre trykkekostnader.
4. Ein slepp å sitja med store lager av ferdigtrykte brosjyrar, som ved mange høve er uaktuelle når dei er ferdig trykte.
5. Utprinting/trykking frå pdf-oppsettet, opnar i det heile for mange fleksible løysingar.
Eksempelvis kan oppsettet køyrast ut som plakatpresentasjon, om ynskjeleg.
Målet til Reisemål Folgefonn er ikkje å verta ein konkurrent, men eit supplement til andre reiselivsaktørar i marknaden. I så måte håpar eg at flest mogeleg aktørar vil slutta seg til oss, absolutt alle skal vera velkomen. Dess større nettverk, dess sterkare slagkraft. Dette vil igjen gje oss andre fordeler, som gunstigare forsikringar både for personar og anlegg, med meir.
Hovudtanken til Reisemål Folgefonn er kort og godt å skaffa kvar enkelt aktør ein betre & breiare presentasjon og større avkastning i høve til kvar investert krone.
Aktørar som finn konseptet Reisemål Folgefonn interessant vil verta presentert på internett under selskapet sin fellesparaply.
For ytterlegare informasjon, spørsmål, innmelding med meir, er det berre å ta nærare kontakt med:
Reisemål Folgefonn P. boks 7 N-5485 Rosendal Tel 53 48 00 40 Fax 53 48 01 53 ePost: turistinfo@folgefonna.net Reg. NO 969 627 345 MVA
|
|
|
|

|
|
|