Reisemål Folgefonn  ·  Tel +47 53 48 00 40  ·  Fax +47 53 48 01 53  ·  ePost:  turistinfo@folgefonna.net   



 Om Folgefonna    Reisemål    Bestilling    Aktivitetar & Opplevingar    Overnatting    Konferanser    Korleis reisa hit

 Transport    Info    Lenkjer    Om selskapet    For aktørar    Nyhende    Framsida






Nyhende









Reisemål Folgefonn
Reiselivsportalen for
Sunnhordland og Hardanger






Gratis etablering på Reisemål Folgefonn-portalen!

04.02.2007

Etter omfattande systemmessige endringar (eit arbeid som endå pågår), tilbyr no Reisemål Folgefonn alle som ynskjer ei best mogeleg profilering og marknadsføring, gratis etablering på Reisemål Folgefonn-portalen.

Den enkelte aktør vil verta tildelt eit eige brukarnamn og passord, noko som gjer at dei sjølve administrerar eigen informasjon og eigne nettsider. Dermed kan dei når dei vil, gjera nødvendige endringar og elles skreddersy den informasjonen dei vil ha ut (aktørane syt sjølv for oversetting til nødvendige språk).

Reisemål Folgefonn lovar på si side ein tiltalande og dynamisk web-presentasjon, samt "topp" score i alle dei største søkemotorane.

Betaling for å liggja ute på på Reisemål Folgefonn-portalen blir fyrst fakturert i etterkant ved at aktørane betalar ein viss pris for antal KLIKK (klikk=besøk eller trafikk) portalen har tilført web-sidene deira!
OG, for at ingen skal verta overraska av skyhøge klikkrekningar, har vi sett ein maksimum pris på kr. 2 500.- (inklusiv meirverdiavgift) for å liggja ute eitt år på portalen. Dvs. vi garanterar at prisen - uavhengig av antal klikk - aldri overstig denne prisen. Samanliknar du prisen med ei normal lokalavis- annonse, vil du finna prisen svært rimeleg.
På Reisemål Folgefonn-portalen vil du i tillegg liggja ute og vera synleg kvar dag, heile året!

Sjå Aktørinfo&Prisar
Sjå Demo