
|

|

|
|
Ta Hardangerfjord Ekspressen direkte til Rosendal!
|

|
11.01.2007
|

|
Som vi tidlegare har informert, starta Stjernarøy-rederiet L. Rødne & Sønner AS frå nyårskiftet opp med direkte hurtigbåtrute frå Bergen (Strandkaien), via Flesland og Os til Rosendal.
Den nye ruta som har fått det slåande namnet "Hardangerfjord Ekspressen", gjer Folgefonn-regionen lettare tilgjengeleg for innbyggjarane i Bergen og for turistar som no kan stiga ombord i snøggbåten midt i Bergen sentrum.
Ruta er venta å gje Folgefonn/Hardanger regionen eit betydeleg turistmessig løft. Alt no, lenge før turistsesongen startar, rapporterar rederiet om tilfredsstillande trafikktal.
Så om du ikkje køyrer sjølv, anbefaler vi Hardangerfjord Ekspressen direkte frå Bergen, via Flesland og Os, til Rosendal - eller andre vegen - på det sterkaste. Sjå Hardangerfjord Ekspressen
|

|
|

|
|
|
|

|
|
|