
|

|

|
|
ÆNES LAKSEPARK
|
|
|

|
|
I Ænes Laksepark kan sjølv den utålmodige få laks på kroken!
Liten og stor, erfaren eller uerfaren, hjå oss kan alle fiska laks og nesten vera garantert fangst! Fiskeutstyret får du låna, og du får den hjelpa du treng. Laksen kan du ta med deg, eller du kan grilla og eta den her; vi har det som skal til.
Og vil du ikkje fiska, kan du sjå på laks i dammar og akvarium, og fisk og anna levande frå fjorden i små kontaktbasseng. Ute i parken kan du helsa på dyra våre; kjea, grisene Trulte og Kondrine, hønene (som gir egg til dei gode vaflane våre), påfuglane, kaninane som stadig er "på rømmen" og alle dei andre.
I utestova kan du eta medbrakt, eller du kan kjøpa mat i kiosken; vaflar og grilla laks har vi alltid... Er de mange som vil ha noko å bita i, er det lurt å seie frå på førehand.
Kjem de sjøvegen, kan de leggja til ved kaien vår.
Ænes laksepark og Enes camping • 5475 Ænes
Tel (+47) 53 48 45 71 post@lakseparken.no lakseparken.no
|
|
|
|

|
|