
|

|

|
|
Kulturgalleriet i Hardanger
|
Knappe 20 km nord-aust frå Jondal (tett på bygdesenteret Herand retning Utne), og 10-15 minuttars gange i vakkert kulturlandskap opp frå Hardangerfjorden, ligg Hardanger Kulturgalleri. Galleriet som er eigd og blir drive av Arne Bakke Mælen og sambuaran Gry, stod ferdig i 2005. Kulturgalleriet ligg som ein del av eit gamalt “rekkjetun” med bygningar frå ca. 1500/1600 og fram til i dag. Rekkjetun er det svært få att av i landet. Det har såleis historisk verdi, både på lokalt og nasjonalt plan. Prosjektet vart påbegynt i 1998, og starta med opprensking og tilrettelegging av parkeringsplassar for bilar, og snuplass for bussar.
Her kan du overnatta i gamle hus, oppleva konsertar, delta på kurs- og konferansar, eller bli servert dei beste lokale rettar.
Tel (+47) 53 66 89 30 / 53 66 81 27 Hardanger Kulturgalleri
|
|
|
|
|

|
.jpg)

Velstelt, høgt og fritt, med strålande utsyn over Hardangerfjorden ligg Hardanger Kulturgalleri like ved bygdesenteret Herand.
|
.jpg)

Galleriet har flotte selskapslokale.
|
|